Sinnes skule er ein 6-delt 1-10 skule i øvre Sirdal. Skulen har 59 elevar.
Av desse går 23 i ungdomsskulen. Skulen har og SFO.
Sirdal folkebibliotek har filial på Sinnes skule.
Det noverande skulebygget stod ferdig i 1976 og inneheld m.a. symjebasseng.
Timeplanane er fleksible og blir stort sett organiserte av teama.
Vekeplanar og arbeidstimar kan vera ulike fra veke til veke, og me har periodar med
tema- og prosjekundervisning.

Sinnes skule er ein av 30 ASP-skular i Noreg.
ASP, Associated Schools Project, er eit skulenettverk knytta til Unesco og skal
inspirera til kontakt og samarbeid - nasjonalt og internasjonalt - mellom skular,
styrkja den internasjonale delen av undervisinga og bidra til utvikling av metodar,
innhald
og materiell.
Unesco er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og
kommunikasjon og
strekker seg over heile verda. Organisasjonen har 188 medlemsland.
Noreg blei medlem i 1946.
